onsdag 25. november 2015

Å halde styr på alle desse bloggane

Leksa denne veka var å opprette ein blogg og å lage ein Bloggroll med bloggane til dei andre kursdeltakarane. Som sagt, så gjort.

Men, ei slik liste over andre bloggar er greit som informasjon for folk som er innom og les denne bloggen, men ikkje særleg nyttig for meg som i tida framover har lyst til å sjå om det skjer noko interessant på nokre av desse bloggane. Så, eg har alt lagt alle saman inn i rss-lesaren min og laga ei eiga mappa der for skulebibliotekstudiet. Mykje enklare å sjå kva som skjer då.

Personleg brukar eg Digg reader. Eg brukte opprinneleg Google reader, men at Google la den ned var jo eit greit spark bak når det gjaldt å få nokre av tinga sine ut av googleuniverset. Andre liknande rss-tjenester er Feedly og Netvibes, m.fl. Kva for ein folk brukar er mykje smak og behag.

For meg, som prøver å følge med på alt for mange ting både på jobb og privat, så er ein slik rss-lesar heilt uunværleg. Her kan eg lese artiklar, sjå bilete eller sjå video. Det er jo synd at eg sjeldan ser folk sine fine bloggdesign, men det er eit tap eg heller skal tåle når eg kan organisere alle desse informasjonskjeldene på ein grei måte.

Nokonlunde slik ser det ofte ut på min pc-skjerm, både heime og på jobb.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar