onsdag 25. november 2015

Å halde styr på alle desse bloggane

Leksa denne veka var å opprette ein blogg og å lage ein Bloggroll med bloggane til dei andre kursdeltakarane. Som sagt, så gjort.

Men, ei slik liste over andre bloggar er greit som informasjon for folk som er innom og les denne bloggen, men ikkje særleg nyttig for meg som i tida framover har lyst til å sjå om det skjer noko interessant på nokre av desse bloggane. Så, eg har alt lagt alle saman inn i rss-lesaren min og laga ei eiga mappa der for skulebibliotekstudiet. Mykje enklare å sjå kva som skjer då.

Personleg brukar eg Digg reader. Eg brukte opprinneleg Google reader, men at Google la den ned var jo eit greit spark bak når det gjaldt å få nokre av tinga sine ut av googleuniverset. Andre liknande rss-tjenester er Feedly og Netvibes, m.fl. Kva for ein folk brukar er mykje smak og behag.

For meg, som prøver å følge med på alt for mange ting både på jobb og privat, så er ein slik rss-lesar heilt uunværleg. Her kan eg lese artiklar, sjå bilete eller sjå video. Det er jo synd at eg sjeldan ser folk sine fine bloggdesign, men det er eit tap eg heller skal tåle når eg kan organisere alle desse informasjonskjeldene på ein grei måte.

Nokonlunde slik ser det ofte ut på min pc-skjerm, både heime og på jobb.


tirsdag 24. november 2015

Bitteliten bloggrenessanse

Det er ei stund sidan eg blogga sist, men i fleire år skreiv eg ein ikkje alt for aktiv blogg som heitte Utsikt frå Lia. Den ligg der ute enno, men det er over eit år sidan det sist skjedde noko der.

Då eg skulle opprette denne bloggen vart eg minna på at eg har testa blogger litt før. Det låg alt ein testblogg der som har fått vere i fred i mange år. Den blei brukt for å finne ut om eg ville bruke Blogger eller Wordpress, og eg likte Wordpress betre.

Så får me sjå kor mykje liv det blir på denne bloggen.